Helse, oppvekst- og skule
Barn og ungdom er framtida!
Ein god barndom varer heile livet. Barn har rett på ein trygg og god oppvekst der dei blir styrka til å møte og mestra oppgåvene i livet. Oppveksten skal gi barn og ungdom kompetanse til å ta hand om seg sjølv og livet sitt, samstundes som oppveksten gir vilje og glede til å vere til hjelp for andre. Gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid, i tett samarbeid med skule, barnehage og helsestasjon, vil me halda fokus på både fysisk og psykisk helse og sosiale forhold. Lukkast me i dette arbeidet, er sjansen også større for å få boknaungdommen til å busetje seg i bygda.

Gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid, i tett samarbeid med skule, barnehage og helsestasjon, vil me halda fokus på både fysisk og psykisk helse og sosiale forhold. Slik vil me auka sjansen for å få boknaungdommen til å busetje seg i bygda.